For folk og natur
Denne episoden av «For folk og natur» handlar om Totalforsvarsåret 2026. I år skal heile samfunnet øve saman slik at vi kan vere budd på å handtere alvorlege kriser og krig. Alle skal øve; frivilligheita, næringslivet, alle deler av forvaltninga, Forsvaret, våre allierte - og kvar og ein av oss. Gjennom Totalforsvarsåret 2026 skal Noreg sin evne til å førebygge og handtere sikkerhetspolitiske kriser og krig - motstandskrafta vår - bli styrka. I studio er kommunikasjonsleiar Lena Skattum Sandvik i samtale med statsforvaltar Else-May Botten og fylkesberedskapsjef Gunnhild...
info_outlineFor folk og natur
Denne episoden av «For folk og natur» handlar om totalforsvaret - og om totalberedskapskurs for toppleiarar. Totalforsvaret er samarbeidet mellom militæret og sivile i Norge, og skal beskytte landet mot kriser, konflikter og krig. Cirka 120 toppleiarar frå offentleg og privat sektor i Møre og Romsdal har dei siste to åra vore gjennom eit fem dagar langt totalberedskapskurs for å forstå den tida vi lever i, og for å bli førebudd for eventuelle kriser og krig. Bak kurset står statsforvaltar Else-May Botten, saman med politisjefen og distriktsjefen i heimevernet. Kurset har blitt...
info_outlineFor folk og natur
Langs alle vassdrag vil det naturleg vekse eit belte av kantvegetasjon. Denne kantsona er viktig for livet både langs og i elva. Den reduserer også erosjon og avrenning av næringsstoff til vassdraget. Høyr podkast om elvekantsona! Elvekantane spelar ei sentral rolle i naturen. Her finn vi insekt, dyr, fuglar og plantar i stort mangfald. Kantvegetasjonen fungerer som grønkorridor for rekreasjon, og gir deg flotte opplevingar på turen langs elva eller bekken. Det er derfor fleire lovverk som vernar om kantsonene. Vi har ikkje lov til å fjerne tre og buskar eller grave i...
info_outlineFor folk og natur
Om du ikkje kan ta hand om eigne interesser, kan du få hjelp av ei verje. Årsakene til at du treng verjemål kan vere mange og ulike, for eksempel skade, sjukdom eller funksjonsnedsetting. Høyr podkast om verjemål! Frivilligheit står sentralt i verjemålsordninga. Det som før var overformynderi, er blitt ei ordning med meir sjølvråderett. Ei føresetnad for å opprette verjemål er at du gjev ditt samtykke. Når Statsforvaltaren mottek ein søknad om verjemål, tek vi ein samtale med deg. Nokre gonger kan det vere vanskeleg å få gitt sitt samtykke, og andre gonger er det ikkje...
info_outlineFor folk og natur
Statsforvaltaren skal passe på at både barn og vaksne kjenner til barnerettane og Barnekonvensjonen. Når vaksne skal bestemme noko som har med barn å gjere, skal dei tenke på kva som er best for barna. Dei skal spørje barn, eller gi moglegheit for at barn får seie noko om saka. Vi ser at barn og unge si stemme ikkje blir tydeleg nok når vaksne diskuterer og bestemmer i viktige saker som handlar om barn. Les også vår kronikk om temaet: Vi snakkar om Barnets beste i denne utgåva av podkasten «For folk og natur». Med i podkasten er seniorrådgivar Gunn Risan Nakken og...
info_outlineFor folk og natur
Noreg er eit av landa i Europa med størst variasjon av våtmarker. Våtmarkene er viktige både for biologisk mangfald, karbonlagring og klimatilpassing. Likevel er våtmarkene nokre av dei mest trua naturtypane vi har. Ofte er det fordi vi menneske vil bruke dem til noko – og derfor øydelegg vi dei. For eksempel drenerer vi myr. Men – det går an å restaurere våtmark – og få den til å bli frisk att. Det vil FN og Miljødirektoratet at vi skal gjere. Dei har dette som særleg satsing dette tiåret. Direktoratet finansierer restaureringa. Les meir: Å restaurere våtmark...
info_outlineFor folk og natur
Tømmeret vi tar ut fra skogen gir inntekter og sysselsetter. Samtidig skal vi ta vare på naturen og det yrande livet i skogen. Skogen gir oss oksygen og lagrar karbon. Statsforvalteren i Møre og Romsdal har i oppdrag å forvalte skogen. Veit du kvifor vi er mest opptatt av å hente ut grantømmer frå skogane i Møre og Romsdal? Og at vi faktisk har regnskog i fylket som bør få stå heilt i fred? Drift og vern av skog er det vi snakker om i denne utgaven av «For folk og natur». Med i podkasten er statsforvaltar Else-May Norderhus, fylkesskogmeister Åsmund Asper og rådgiver Hege...
info_outlineFor folk og natur
Skolen pliktar å sørge for at elevar har det trygt og godt på skolen. Dei skal følgje med, gripe inn om det er nødvendig, varsle det dei ser, undersøke sakene og sette inn tiltak. Om skolen ikkje gjer nok, kan eleven eller foresette klage saka inn til Statsforvaltaren. Då tar det få dagar før rektor og foreldre får ein telefon. Om du som lytter er i ein situasjon der skolen ikkje har gjort nok i ein skolemiljøsak, kan du ta kontakt med oss hos Statsforvaltaren. Med i programmet er rådgivarane Einar Hernborg og Kristin Sundsbø, som arbeider med skolemiljøsaker hos...
info_outlineFor folk og natur
Demenssykdom rammer mange i Norge. Flere kaller situasjonen som en stille krise i samfunnet, og regjeringen skriver på sine nettsider at demens er en av de største globale utfordringene verden står overfor. I denne podkasten snakker vi om demens – og ser at det faktisk er relativt enkle grep du og jeg kan ta, for å forebygge sykdommen.
info_outlineFor folk og natur
Trebygg har mange fordelar. Tre er både fornybart, miljøvenleg og framtidsretta. Dessutan er det godt for menneske å vere i trebygg. Derfor jobber Statsforvaltaren for auka bruk av tre som bygningsmateriale. I denne podkasten får du høyre korleis vi hos Statsforvalteren i Møre og Romsdal arbeider med dette oppdraget som vi har fått frå Landbruks- og matdepartementet. Som byggemateriale gir tre låge klimautslepp og har eit stort bruksområde. I podkasten møter du fylkesskogmeister og tredrivar Christina Qvam Heggertveit. Du får høyre korleis ho jobber med...
info_outlineKlimaet endrar seg. Og med klimaet blir også vêret endra. I Møre og Romsdal vil vi sjå meir kraftig nedbør og auka problem med overvatn. Vi vil sjå at havnivået stig, stormflo og større og fleire flaumar. Vi vil også få fleire skred av jord og stein. I denne podkasten får du høyre kordan vi hos Statsforvalteren i Møre og Romsdal arbeider saman med andre regionale aktørar for å tilpasse oss klimaendringene som vi allerede ser, og som vi veit vil bli sterkare.