info_outline
Verjemål
12/18/2024
Verjemål
Om du ikkje kan ta hand om eigne interesser, kan du få hjelp av ei verje. Årsakene til at du treng verjemål kan vere mange og ulike, for eksempel skade, sjukdom eller funksjonsnedsetting. Høyr podkast om verjemål! Frivilligheit står sentralt i verjemålsordninga. Det som før var overformynderi, er blitt ei ordning med meir sjølvråderett. Ei føresetnad for å opprette verjemål er at du gjev ditt samtykke. Når Statsforvaltaren mottek ein søknad om verjemål, tek vi ein samtale med deg. Nokre gonger kan det vere vanskeleg å få gitt sitt samtykke, og andre gonger er det ikkje mogeleg å få til samtale. I dei tilfella vert di vilje og ønske vurdert ut frå kva du tidlegare har sagt og gjort. Les også vår kronikk om temaet: Om podkasten Vi snakkar om verjemål i denne utgåva av podkasten «For folk og natur». Med i podkasten er statsforvaltar Else-May Botten og underdirektør Kjersti Bakken. Lars Levende Jacobsen har ansvaret for lyden, og Lena Skattum Sandvik er produsent og programleiar. Denne episoden vart publisert 18. desember 2024 For folk og natur Podkastens tittel spelar på Statsforvaltarens visjon: Trygg framtid for folk og natur.
/episode/index/show/forfolkognatur/id/34499515